Er det noko du lurer på? Still spørsmål til ordføraren og få svar her !

Forum: Besvarte spørsmål

Spørsmål som ordføraren har svart på.

Kystvegen støttar ferjefri E39, krev justering av E39 gjennom Sunnmøre og utgreiing av ”Sognefast”

Styret i Kystvegen Ålesund – Bergen ser positivt på at vegvesenet utgreier ferjefri E39. Sjølv om Kyststamvegen mellom Bergen og Ålesund ligg til dels nokså langt frå kysten, er vi glade for at E39 skal bli ein gjennomgåande hovudveg av god standard. Kystvegen vil vere eit supplement som skal gi internt samband i kystregionen, samband til viktige hamner og ha gode koplingar til E39.

På siste stykket av E39 før Ålesund, er det i samband med pågåande KVU føreslege eit alternativ via Eiksund og Hareid. Styret i Kystvegen tilrår at dette alternativet blir vald. Det vil gi størst nytte for det viktige industrimiljøet i regionen og gjere det mogeleg å få ei felles fjordkryssing for E39 og Kystvegen gjennom Hafast. (Hareid Fastlandsamband)

Når det gjeld ferjefri kryssing av Sognefjorden ynskjer vi å få utgreidd ei løysing via Solund som vil gi ferjefritt samband både for kystvegen og E39, (Sognefast!) Dette alternativet kan realiserast utan noko ny og svært kostbar teknisk løysing. Det vil i tillegg gi fastlandsamband for Solund kommune og styrke kommunane i ytre Sogn. Ei ytre fjordkyssing vil også vere betre tilpassa eit framtidig vegmønster i Nordhordland og Bergens regionen enn ei bru Lavik – Oppedal. Den vil kople det store industrimiljøet på Mongstad og ”Fensfjordbassenget” inn på E39. Gjennom eit nytt tverrsamband Mongstad – Øygarden vil ein få tilknyting til Øygarden, Askøy og Sotra og derfrå til E39 sør for Bergen, utan å måtte køyre gjennom Bergen sentrum. Effektivt samband til dei tunge industrimiljøa i Nordhordland og Bergen – vest vil vere særdeles nyttig for næringslivet i Sogn og Fjordane og Nordvestlandet.

På nordsida av Sognefjorden kan ein kople seg på noverande E39 med ein diagonal frå Hyllestad til Dale og derifrå på ein opprusta FV57 til Sande. Frå Dale går Kystvegen vidare gjennom Askvoll til Flora, Bremanger og ytre Nordfjord, medan E39 går vidare til Førde og Skei etter noverande vegtrase, eller den løysinga som vert vald gjennom Førde. Dermed har ein fått eit vegsystem som mest truleg er billegare og tilfører større nytteverdi det enn det ei svært kostbar bru over Sognefjorden kan gjere.

I høve til fjordkryssing ved Oppedal – Lavik vil ein oppnå fleire fordeler:
· Ferjefri E39 og ferjefri kystveg.
· Fastlandsamband for Solund og samanknyting av kommunane i ytre Sogn.
· E39 vil få tilknyting til Mongstad – Sløvåg.
· Tungtrafikk kan unngå den særdeles energikrevjande ”berg og dalbane – vegen” mellom Romarheim og Instefjord.
· Sparar energi og miljø.

Kystvegen krev ikkje at Sognefast – alternativet skal veljast her og no, men det skal utgreiast! Dette er eit rimeleg krav som vi ventar at Statens Vegvesen tek med når ein skal til med eit omfattande utgreiingsarbeid for ferjefri E39. Vi registrerer at ein ser på fleire alternativ sør for Bergen, i Nordfjord og andre stader. Også i Rogaland endrar ein traceen til eit Rogfast

som saman med eit framtidig Hordfast vil gi ferjefritt samband mellom Bergen og Stavanger. Det er naturleg at ein må tillate seg å vurdere fornuftige alternativ til det som var sett som mest aktuelt for 20 år sidan då ferjefri stamveg blei vurdert som ”ikke realistisk i overskulelig fremtid”. Det vil vere ei forsøming om ein ikkje ser på alternativ også over Sognefjorden når eit slikt alternativ truleg vil gi større nytte for lågare kostnad og risiko.

Styret i Kystvegen Ålesund – Bergen
30. mars 2011

Bente Frøyen Steindal , Jan Helgøy, Ronny Blomvik
Nils Marton Aadland, Lars Hellandsjø , Arve Helle

Informasjon utlevert til bystyret 8.02.11

Viser til notat frå Utbyggingsutvalet 26.01.11.
Utvalet ber om at ordførar vurderer om det kan vere naudsynt å ta saka opp i bystyret på nytt, dersom det skjer endringar i mogelege traseval som rører ved interesser i Flora kommune og evt. nabokommunar.

Det vart i møte med Statnett 08.12.10 informert om at dei no er i gang med å vurdere/ugreie traséjusteringar i høve til Olje- og energidepartementet sitt brev av 09.11.10 (sjå vedlegg).
For Flora kommune sin del inneber dette ei justering i området Blåfjellet/Alnakken (sjå grøn strek på vedlagde kart). Traséjusteringa har tidlegare vore vurdert, men ikke konsekvensutgreia fullt ut.
Det vert no gjennomført konsekvensutgreiing av dei nye trasealternativa. Statnett har sendt ut brev til alle grunneigarane som kan verte råka av dei nye trasealternativa, med invitasjon til arbeidsmøter, der dei som kjenner interessene i området best. får høve til å treffe dei ulike fagutredarane (sjå vedlagde brev).
Hovudhensikta med desse møtene er å få belyst interessene langs dei nye alternativa best mogeleg og “lyfte” dei nye alternativa opp på same nivå som tidlegare omsøkte trasealternativ.
Det er Statnett som arrangerer desse møtene og dei er ikkje ein del av NVE sin høyringsprosess.
Planen er å ferdigstille ein tilleggssøknad i samsvar til OED sitt brev av 9.11.10.
Søknaden vil så bli sendt til NVE som startar konsesjonsprosessen i løpet av april 2011.
Konsesjonssøknaden vil bli sendt ut på høyring og Flora kommune som ein av dei berørte partane, vil då få den tilsendt på høyring. Same prosess som tidlegare.
Det vil soleis bli møte når vi har fått denne til høyring.
Dette til orientering.

Spm til ordførar fra Venstre ved Jan Arve Midtbø- Bystyret 8 februar

Kva kan kommunen gjere for å hindre at fleire bønder sluttar med mjølkeproduksjonen?

Mange bønder slit med dårleg inntekt. Dei fleste bøndene lyt ha inntekt utaføre bruket. Det er vanskeleg å kombinere full jobb utafør bruket og mjølkeproduksjonen. Det blir lite fritid. Og mange bønder sluttar med mjølk og går over til ein mindre kjøttproduksjon: sau/storfe, Det ser ut til at i fjor og iår så slutter det ca 10 mjølkebønder i Florø. Det er svært alvorleg for næringa.

Kva skjer med turistnæringa i Florø når dei møter nedlagde gårdar og gjengrodde landskap?

Har ordførar prøvd å påverke den nye landbruksmeldinga som blei laga i desse dager?

Kva kan kommunen gjere for å hindre at fleire bønder sluttar i Florø kommune, spesielt med mjølk?

Spørsmål til bystyret 8. februar vedrørande ordføraren sitt brev til Helse Førde som gjengitt på Firdaposten.no 4. februar 2011

Jacob Nødseth
Bystyrerepresentant og leiar av helseplangruppa i Flora kommune

Elisabeth Norman
Varaordførar og medlem av plangruppa

Eit samrøystes Flora bystyre vedtok 07. desember 2010 å setje ned ei eiga plangruppe som skal utarbeide den nye helseplanen for Flora kommune for perioden 2012-2016.
Ei nøkkeloppgåve i mandatet til plangruppa som både ordførar og Jacob Nødseth – som på dåverande tidspunkt var peika på av HSU til å leie plangruppa – understreka i bystyret, og som vart vedteken i presisert form av bystyret er å “vurdere kommunesamarbeid og styrke samarbeidet med Helse Førde.”
Det framgår av saka som bystyret handsama at rehabilitering og ev. interkommunalt samarbeid kring dette er ein viktig del av arbeidet til plangruppa.

Slik vi ser det har altså bystyret samrøystes overlatt til plangruppa å legge strategiar og “styrke samarbeidet med Helse Førde”.
Bystyret som kommunen sitt øvste politiske organ har altså overlatt til plangruppa å handtere dette arbeidet på bystyret sine vegner.

Plangruppa har til no hatt fire møte og er samansatt av dyktige fagfolk og engasjerte representantar for politikk, fagrørsla og særgrupper (eldrerådet og rådet for funksjonshemma). Dei politiske representantane er varaordførar og HSU-medlem Elisabeth Norman og HSU-medlem Jacob Nødseth som er leiar. Etter vår meining arbeider gruppa godt og konstruktivt gjennom det som er eit komplekst saksfelt.

4. januar hadde plangruppa eit oppstartsmøte der plangruppa såg det som eit stort poeng å invitere også Helse Førde til å informere og for å ha dialog. Då leiar av plangruppa saman med administrerande direktør i Helse Førde Jon Bolstad fekk delvis spikra at han og kanskje fleire frå føretaket kunne kome til møtet, informerte og inviterte planleiaren også ordførar og rådmann i Flora kommune til møtet.
4. januar møtte Jon Bolstad og utviklingsdirektør Tove Hovland Flora kommune si helseplangruppe. Rådmann Terje Heggheim stilte opp som avtalt. Ordføraren møtte ikkje til dette viktige møtet.

Idag, fredag 4. februar går det fram på Firdaposten.no at ordførar Bente Frøyen Steindal på eiga hand, og utan å koordinere med eller idet heile informere den politiske leiinga i helseplangruppa sender brev til Helse Førde med ynskje om samarbeid om rehabilitering. Vi aksepterer ordføraren si sjølvstendige rolle – men vi ber om ryddige prosessar.=3D20

Vårt spørsmål til ordføraren til bystyret 8. februar 2011 blir difor kvifor ordføraren vel ei slik arbeidsform som vi meiner ikkje er i tråd med bystyret sitt vedtak 07. desember 2010. Opplever ordføraren at ho opptrer lojalt ovanfor vedtekne politiske prosessar med ein slik måte å jobbe på?

Spm til ordførar frå Høgre- Bystyret 8 februar

SPØRSMÅL TIL BYSTYREMØTET 8. FEBRUAR 2011

I eit lesarbrev i Firdaposten for nokre veker sidan skriv bystyrerepresentant Oscar Bergheim frå Ap at partiet til ordføraren har følgjande visjon for Flora kommune: «Vi ønsker at Flora kommune skal være en god kommune å bo i med et variert arbeidsliv og gode tilbud til innbyggerne.» Han poengterer i innlegget at med ei rekke tiltak er visjonen til Flora Ap «materialisert». Eg kan ikkje forstå dette annleis enn at han meiner visjonen har vorte ein realitet, altså at Flora kommune er ein god kommune å bu i med eit variert arbeidsliv
og gode tilbod til innbyggjarane.

I same innlegget skriv Oscar Bergheim vidare: «Med i utvalget som utarbeidet [helse- og omsorgs-]planen , var bl.a. Stein Kvalsund fra Høyre. Og leder i plannemnda for nytt ”Flora bu- og aktivitetssenter” er Jacob Nødseth, fra Høyre. Det vil bli et viktig tilskudd til omsorgsarbeidet i Flora kommune i årene fremover, sammen med en utvidelse i Eikefjord. Så et halvt år etter at Høyre vedtok planen, så er vi tilbake til den gamle visa om ”flere institusjonsplasser”. Det viktigste er at de som trenger hjelp får hjelp på det nivået som en trenger. Så la oss følge intensjonen i den planen som vi var enig om, og som Høyre var med på å utarbeide.

Det er korrekt at Arbeiderpartiet og samarbeidspartiene sitt budsjett utsetter oppstart av et Flora Bu- og aktivitetssenter i sentrum. Vi tror det er fornuftig, og at vi trenger ekstra tid til planlegging. Det er allerede registrert flere prinsippspørsmål om innholdet i nybygget etter at plannemnda startet sitt arbeid.»

Flora Høyre vil ikkje ha fleire utsetjingar. Vi vil ha handling no. Dette signaliserte vi tydeleg i vårt siste framlegg til budsjett i desember 2010, som diverre ikkje fekk fleirtal.

På bakgrunn av skrivet frå Bergheim finn Flora Høyre det betimeleg å rette ordføraren følgjande spørsmål:

1. Fleire eldre ventar på institusjonsplass i Flora kommune. Meiner ordføraren at Flora kommune med
dette oppfyller hennar eige parti sin visjon om «gode tilbud til innbyggerne»?

2. Er ein vurdert til å få ein institusjonsplass er det ikkje tilstrekkeleg hjelp å tilby ein heildøgnsbemanna omsorgsbustad. Kva vil ordføraren gjere for å sikre dei som ventar på institusjonsplass – nettopp plass på institusjon? Dersom desse kan vente seg å få den hjelpa dei rettmessig har krav på, ber vi om at ordføraren tidfestar når dette vil skje.

3. «… La oss følge intensjonen i den planen som vi var enig om, og som Høyre var med på å utarbeide»
oppmodar Oscar Bergheim. Med tanke på at det er eit påtrengande stort behov for både omsorgsbustadar og institusjonsplassar no, og har vore det lenge. Kva tid har ordføraren tenkt å følgje oppmodinga frå sin partikollega Bergheim?

4. Oscar Bergheim skriv at: «Et halvt år etter at Høyre vedtok planen, så er vi tilbake til den gamle visa om ”flere institusjonsplasser”. Det viktigste er at de som trenger hjelp får hjelp på det nivået som en
trenger.» Bergheim vedgår at Ap har utsatt bygginga av nye institusjonsplassar trass det påtrengande behovet som er idag. Samstundes ligg det langt framme å ev. bygge omsorgsbustadar, skal vi sjå til signala i omsorgsplanen bystyret har vedteke.
Bergheim har fleire gongar sagt i bystyret og i HSU at Høyre har feil fokus. Ap sin gruppeleiar Åge Larsen og HSU-leiar for Ap Mona Ødegård Standal har slutta opp om dette standpunktet.
Er ordføraren samd med Bergheim si vurdering om at Høyre sitt stadige fokus på fleire
institusjonsplassar og fokus på å framskunde planane ikkje er eit viktig fokus? Er det etter ordføraren
si meining tilstrekkeleg å tilby dei som treng ein institusjonsplass ein omsorgsbustad?

Flora Høyre si bystyregruppe ser fram til å få desse viktige avklaringane frå ordføraren.

Bokmålsbøker

Ordførar har fått spørsmål om sein levering av bokmålsbøker til 10 klasse ved ungdomskolen.

1. Kor mange elever har bokmål som hovedmål i 10 klasse på Flora ungdomsskole?

2. Kvifor går det 2-3 månader før bokmålsbøkene kjem?

3. Gjeld det alle klassetrinna på ungdomskolen?

4. korleis kan vi unngå at slikt skjer igjen?

Svar på spørsmåla:
Bakgrunnen for saka er ei lovendring 010810 som gjev elevar rett til bøker på valgt målform i alle fag. Tidlegare hadde ein rett til dette i norskfaget, og det har vore praksis på at elevane har fått nokre fagbøker på sidemålet sitt. Dette fordi både bokmål- og nynorskelevar treng støtte i sidemålsopplæringa.

1. Dette skuleåret er det 28 elevar med bokmål som hovudmål i 10. klasse, det vanlege er 10-15 elevar.

2. Bøker for skuleåret vert bestilt etter skuleslutt i juni når ein har hatt oppteljing av behovet. For elevar som ønska å nytte den nye retten har det teke tid både å få fram det samla behovet og nokre av bøkene har i tillegg vore utselde frå forlaget. Ein ser likevel ikkje vekk ifrå at skulen kunne ha ordna dette raskare, men situasjonen har vore noko spesiell, med ei lovendring som ein vart gjort kjent med ved skulestart og noko usikkerheit rundt kor mange som i realiteten ynskte å byte bøker etter at skulen var starta.

3. Alle klassetrinna har den same retten, men dette problemet har ikkje vore meldt i 8. og 9.. Det gjeld også ferre elevar, 16 i 9. klasse og 12 i 8. klasse.

4. Ved skulestart 2011 er dette ei kjent problemstilling som vil bli handtere greit gjennom faste innkjøpsrutinar. Det er også viktig å understreke at ingen har fått avslag på ønske om å byte bøker, det har berre teke tid, noko som også har vorte beklaga tidlegare.

Kraftutbygging i Sagaelva- Interpellasjon frå Høgre til bystyret 9.11.10

Flora Kommune v/ordførar vart i brev av 25.08.2002 frå Elkem Fornybar Energi tilskriven vedkommande potensialet for kraftutbygging i Sagaleva.(Sjå vedlegg)

Flora Høyre er kjend med at Elkem pr dags dato ikkje har fått svar på si førespurnad.

For ei tid tilbake hadde avisa Firda ei opplisting av kva småkraftverka kunne gi tilbake i form av overskot. Flora Kommune, som eig fallrettane i sagavassdraget burde for lenge sidan ha vurdert å utnytte dei ekstra inntektene ei slik invistering med rimelig sikkerheit ville gje tilbake.

Slik vi forstår det av brevet til Elkem Fornybar Energi så vil dei stå for all prosjektering, finansiering og utbygging. Vi har og forstått det slik at det er vanleg at dei som eig fallrettane får minimum 60% av overskotet. Dette kan Flora Kommune, etter Flora Høyre si meining rett og slett ikkje la være å vurdere.

Flora Høgre er kjend med at ein av vassleidningane fra Sagavatnet er frå 1969 , og er planlagd utskifta i næraste framtid. Det er rimeleg grunn til å tru at ei slik utskifting kan samordnast med ei eventuell kraftutbygging.

Vedlegg: kopi av brev frå Elkem Fornybar Energi og kart over området.

Flora Høyre ber derfor Bustyret slutte opp om fylgjande forslag til vedtak:

1. Flora Bystyre ber om forklaring på kvifor brevet av 28.08.2008 ikkje er blitt svart på.

2. Flora Bystyre ber administrasjonen svare på brevet straks.

3. Flora Bystyre ber om at det til møte i Bystyret våren 2011 vert lagt fram ei sak på ei eventuell kraftutbygging av Sagavassdraget. Til denne saksutgreiinga bør det og verte gitt ei analyse over mulige samarbeidspartnarar, kva tidsperspektiv ein ser føre seg, kva kostnad og finansiering ein kan få dette til på og kva Flora kommune kan forvente å få tilbake i form av framtidige overskot. Tilslutt bør utgreiinga og innehalde ei vurdering av kva ei slik utbygging vil sei vedkommande vassforsyninga til Florø og omeign.

På vegne av Flora Høyre
Tore Jakob Madsen

Svar interpellasjon frå Flora Høgre – 9.11.10
Potensiale for kraftutbygging i Sagaelva.

Det ligg føre brev datert 25.08.2008 vedkomande potensialet for energiutnytting på Saga.
Det er ikkje gått ut skrifteleg svar på brevet.
Potensialet for energiutnytting har imidlertid ved fleire høve vore drøfta
med Elkem Fornybar Energi AS ved lokale representant Trygve Riste.
Administrasjonen har og hatt møte med Elkem ved salgs- og marknadsavdeling i høve saka.
Ut fra dialogen i møtene, kjenner Elkem til arbeidet som er i gang i Flora kommune med forprosjekt om energiutvinning og reservevassforsyning.

Flora kommune har og hatt møte med andre aktørar i høve til kraftutnytting i Sagavassdraget.

Flora kommune arbeider med “Forprosjekt – Energiutvinning og reservevannforsyning Saga”.
Forprosjektet er i hovedsak ferdig.
Det gjenstår noko arbeid med juridiske vurderingar og kvalitetssikring.

I “Hovedplanen for vassforsyning 2007 – 2014”, er det planlagt utskifting av leidning fra Sagavatnet til Saga i år 2014.
Energiutnytting må sjåast i samanheng med planlagt utskifting av eksisterande leidningar.

Administrasjonen vil i mars månad 2011 legge fram “Forprosjektet om energiutnytting og reservevassforsyning på Saga” til politisk handsaming.
Eventuellt vidare arbeid med energiutnytting i vassdraget vert drøfta i denne saka.

Saka har og vore orientert om i Plan og Miljø i perioden, etter spørsmål frå representantar.

BFS 09.11.10

Kraftlinja Ørskog-Fardal - Spm frå Venstre til bystyret 9.11.10

Spørsmål til bystyremøte 09.11.10

Kraftlinja Ørskog Fardal

Vi ber om orientering for bystyret på status trasevalg gjennom Flora Kommune, og siste utvikling i saka.

Florø 04.11.10

MVH
Flora Venstre

V/ Gruppeleiar Jan H.Nygård

SVAR:
Eg viser her til pressemelding som er gått ut frå Olje og-energiministeren om saka, 5.11.10.

Regjeringa går inn for delvedtak for kraftledningen Ørskog-Sogndal.
Olje- og energidepartementet skal no sluttføre konsesjonshandsaminga slik at det kan fattast delvedtak for delar av kraftleidningen mellom Ørskog og Sogndal.
Dei aktuelle strekningane er frå Haugen i Ørsta til sørsida av Hundvikfjorden i Bremanger.
Det vert teke sikte på at konsesjonsvedtaka kan ligge før så tidleg som mogeleg vinteren 2011.
Det vil sei at anleggsarbeide på desse strekningane etter planen kan starte opp i 2011.
Departementet ber Statnett konsesjonssøkje alternative luftledningstrasear i Bremanger og Naustdal.
Her er det vi kjem inn og samarbeider med Naustdal, eg viser då til tidlegare informasjon til alle parti. Ved at vi støttar Naustdal vil vi få ei betre linjeføring for dei som vart mest råka. ved vårt treseval. Informasjon med kart er tidlegare oversendt til alle gruppeleiarar som har støtta vårt samarbeid med Naustdal. Saka vil bli lagt fram for bystyret for formell handsaming.
Ordførar og leiar i Plan og Miljø føl saka opp vidare med Naustdal.

BFS 09.11.10

Dugnad for god tannhelse- spm frå Venstre til bystyret 9.11.10

God tannhelse er essensielt for både helse, livskvalitet og arbeidsevne. Mange som sliter med dårlig helse og livsfunksjon har også ofte langvarige og kronifiserte problemer med tannhelsen. Det er allmenn politisk enighet om at tannhelsen må styrkes; – spesielt for utsatte grupper som har store og invalidiserende plager, og oftest dårlig økonomi i tillegg. Flora Venstre ønsker å sette fokus på god tannhelse.

Flora Venstre foreslår derfor en dugnad for å bedre tannhelsen i kommunen slik at de som har behov for det får hjelp. Som første steg i denne prosessen foreslår vi et dialogmøte organisert gjennom HSU hvor sentrale aktører kan komme til orde som brukere, tannhelsetjenesten i kommunen og NAV osv. Gjennom et slikt dialogmøte kan problemer og ressurser kartlegges og en felles kommunal strategi for god tannhelse på kort og lang sikt kan utvikles.

Vi ber ordfører i sitt svar å anbefale følgende vedtak for bystyret.

Flora Bystyre ber HSU tar initiativ til ”Dugnad for en god tannhelse i Flora Kommune”.

Florø 02.11.2010

For Flora Venstre
Gruppeleiar Jan H.Nygård

SVAR:

Generelt:
Tannhelsetenesta i Norge er delt i ein offentleg del og ein privat del. Den offentlege delen er Fylkeskommunen sitt ansvar og er heimla i lov om tannhelsetenester. Den offentlige tannhelsetenesta (DOT) skal organisere førebyggande tiltak for heile befolkninga. Den skal gje eit regelmessig og oppsøkande tilbud til:

a. Barn og ungdom fra fødsel til og med det året dei fyller 18 år.
b. Psykisk utviklingshemma i og utanfor institusjon.
c. Grupper av eldre, langtidssjuke og uføre i institusjon og heimesjukepleie
d. Ungdom som fyller 19 eller 20 år i behandlingsåret.
e. Andre grupper som fylkeskommunen har vedteke å prioritere.

I tillegg til dei lovpålagte oppgåvene tek DOT seg av pasientar som på grunn av rusmiddelproblem har vedtak i sosialtenestelova §4.2 og rusmisbrukarar som legemiddelassistert rehabilitering (LAR).

Flora:
Tannklinikken i Flora ligg i Florø Sentrum og tar seg av alle prioriterte grupper innan kommunen, samt deler av Bremanger. For tida er det tilsett 4 tannlegar og 2 tannpleiarar i faste stillingar ved tannklinikken. Det er 6 private tannlegar, derav ein spesialist i tannkjøtsjukdomar i Florø så tannlegedekninga er god i kommunen.
Innbyggjarane i Flora har tilbod om kirurgiske spesialisttenester ved kjevekirurgisk poliklinikk, Førde sentralsjukehus. Og blir henvist der etter behov.

Narkosebehandling av barn og psykisk utviklingshemma skjer ved ein eigen tannklinikk på Førde sentralsjukehus.

For tannregulering må barn og unge til spesialist i Førde.

Når det gjeld tannhelse vert den målt gjennom prosent tal individ utan hol i tennene for enkelte årskull.
Det er 5, 12 og 18 åringane som blir målt.
Snittet i fylket for 2009 var at 85 % av 5 åringane, 56 % av 12 åringane og 21% av 18 åringane er utan hol.
For Flora sin del er dette hhv 82%, 56 % og 24%.
På bakgrunn av dette er tannhelsa blant barn og unge god også i Flora, og det er ikkje grunn til spesielle tiltak her. Dette er heilt i landstoppen og svært gode resultat.

Når det gjeld samarbeid med Flora kommune, har fylkeskommunen gjennom tannhelsetenesta skriftlege avtalar med ein del av tenesteeiningane til Flora kommune så som sjukeheim, omsorgssenter, heimesjukepleie og sosialtenesta. Dette er avtalar som skal sikre at brukarane/pasientane får dei lovpålagte tenestene dei har rett på og vidare sikre at personell får opplæring i munnstell ved institusjon og heimesjukepleie. Avtalane er forpliktande begge vegar og det vil også kome avtalar på høgare nivå, dvs rådmannsnivå etter kvart. Dette for å understreke kor viktig samarbeid mellom fylke og kommune er på dette feltet.

BFS 09.11.10

Grand Prix-støtte

I motsetnad til Bente Nilsen Halvorsen så står eg for den støtta vi har gjeve til Grand Prix-arrangementet. Eg har full tillit til at dette er eit prosjekt som vil verte til stor nytte både for fylket og vår kommune. Midlane går til eit prosjekt, MGP-prosjektet, ikkje til eit selskap. For øvrig vil eg gje ros til Per Øyvind og Roy som står på, de gjer ein god jobb og skulle de tene pengar i tillegg, ja, så er det heilt topp.

Det er verd å merke seg at heile formannskapet står bak støtta til Grand Prix-arragnementet.
SV var og med på dette, rett nok var det vara som stilte for Bente Nilsen Halvorsen.

Det vart aldri føreslege å gje midlar til kulturhage av tettstadmidlane. For det fyrste så er ikkje kulturhagen ein realitet og om det blir det gjenstår å sjå. Korleis skal vi rapportere inn ferdigstilling av eit slikt prosjekt innan mai 2011 som bl.a. er eit av krava for å få av midlane?
Når det gjeld Trovikeigedomen og kulturhageplanar så må vi handle utifrå at vi her snakkar om annan manns eigedom, det må vi ha respekt for.

Sverre Stenbakk kjøpte Trovikeigedomen for å få til utvikling i Strandgata. Det hadde eg god tru på at han skulle få til. Han har møtt mykje motgang og det beklagar eg på det sterkaste. Uansett kva som skjer så må vi forholde oss til at det er han som er eigar.

INU-midlar til Flora kommune. Kvar kjem dei frå og kva går dei til?

Det har vore stilt ein del spørsmål i høve desse midlane og eg vil difor komme med noko informasjon i saka.
Flora kommune vart tildelt 2 mill kr. for 2010 av dei såkalla INU-midlane.
INU står for: Den interkommunale næringsretta utviklingsordninga som kompenserar for auka arbeidsgjevaravgift i kommunane Førde, Sogndal og Flora.

Fondstyret i INU, der ordførarane i dei tre berørte kommunane er med i styret, har vedteke å løyve 2 mill kr. til Flora kommune, 2 mill til Førde og 1 mill til Sogndal. Midlane er øyremerka tettstadutvikling.

Same summane er lagt inn i budsjettet for 2011-2012-2013.

I Flora kommune har vi tildelt midlane etter vurdering utifrå søknadar som er komt inn og som stettar krava for tettstadmidlar. Det må sendast sluttrapport på kva vi har brukt midlane til og føl vi ikkje krava som er stilte vert dei tilbaketrekte.

Eg er trygg på at vi har mange gode tiltak som er i gang og som kan verte realiserte pga desse midlane.
Rapportering i høve tildelinga låg føre i formannskapet 26.10.10, sak 089/10.
Av dei som har meldt tilbake etter eg sende melding om tildelinga og kriteria for utbetaling kan eg liste opp fylgjande:
Vidareføring av prosjektet Eventyrskogen ved Florø barneskole.
Klubblokaler Grovastøylen. Eikefjord Grendalag er i full sving med å få på plass treningsstudio. Florø Golfklubb bygger veg.. Soldalen hestesenter rustar opp og vidareutviklar sitt konsept. Florevika Gjestebrygge utviklar båtbyen Florø. Jomentum vidarefører sitt prosjekt ”Kjærlighet, musikk og paviljong”
Kulturtårnet skal ferdigstillast.

Alle tildelingane har vore samrøystes også at vi har gjeve støtte til Grand Prix arrangementet.
Eg meinar det er eit prosjekt som har stor verdi for byen vår.

Byakvariet, Sørstrand Folkepark, leikeplassar og parkar er prosjekt som har prioritet i 2011.

Desse midlane gjer og til at vi kan kjøpe noko av kunsten som har pryda byen vår i jubileumsåret.

Eg ynskjer alle gode krefter lukke til med sine prosjekt.

Innsamling av grovavfall

Det blir innsamling av grovavfall i Flora Kommune på fylgjande tidspunkt:

Øyane- veke 16
Sentrum, sone 1-5- veke 17
Distriktet- veke 18

Meir informasjon på kommunen sine heimesider

Annonse