| Er det noko du lurer på? Still spørsmål til ordføraren og få svar her ! Bidraget er publisert med ropert og har blitt hentet fram på Kystpuls og Fjordaglimt (onsdag 9. februar 2011). Les mer om roperten… Spm til ordførar fra Venstre ved Jan Arve Midtbø- Bystyret 8 februarKva kan kommunen gjere for å hindre at fleire bønder sluttar med mjølkeproduksjonen? Mange bønder slit med dårleg inntekt. Dei fleste bøndene lyt ha inntekt utaføre bruket. Det er vanskeleg å kombinere full jobb utafør bruket og mjølkeproduksjonen. Det blir lite fritid. Og mange bønder sluttar med mjølk og går over til ein mindre kjøttproduksjon: sau/storfe, Det ser ut til at i fjor og iår så slutter det ca 10 mjølkebønder i Florø. Det er svært alvorleg for næringa. Kva skjer med turistnæringa i Florø når dei møter nedlagde gårdar og gjengrodde landskap? Har ordførar prøvd å påverke den nye landbruksmeldinga som blei laga i desse dager? Kva kan kommunen gjere for å hindre at fleire bønder sluttar i Florø kommune, spesielt med mjølk?
Vist 164 ganger. Følges av 1 person. | ||
Kommentarer
SVAR:
Flora kommune ved plan og miljøutvalet kom i sak 015/10 med innspel til Landbruksdepartementet til den landbruksmeldinga som er under arbeid og som skal dra opp linjene for framtidig landbrukspolitikk, der vi søkte å fremje kyst- og småskalalandbruket sine interesser.
Vi vil også iløpet av februar/mars gje innspel til komande vårens jordbruksforhandlingar der vi vil vektlegge distriktslandbruket sine interesser, i samråd med faglaga i landbruket i Flora.