| Er det noko du lurer på? Still spørsmål til ordføraren og få svar her ! Bidraget er publisert med ropert og har blitt hentet fram på Kystpuls og Fjordaglimt (onsdag 9. februar 2011). Les mer om roperten… Spm til ordførar frå Høgre- Bystyret 8 februarSPØRSMÅL TIL BYSTYREMØTET 8. FEBRUAR 2011 I eit lesarbrev i Firdaposten for nokre veker sidan skriv bystyrerepresentant Oscar Bergheim frå Ap at partiet til ordføraren har følgjande visjon for Flora kommune: «Vi ønsker at Flora kommune skal være en god kommune å bo i med et variert arbeidsliv og gode tilbud til innbyggerne.» Han poengterer i innlegget at med ei rekke tiltak er visjonen til Flora Ap «materialisert». Eg kan ikkje forstå dette annleis enn at han meiner visjonen har vorte ein realitet, altså at Flora kommune er ein god kommune å bu i med eit variert arbeidsliv I same innlegget skriv Oscar Bergheim vidare: «Med i utvalget som utarbeidet [helse- og omsorgs-]planen , var bl.a. Stein Kvalsund fra Høyre. Og leder i plannemnda for nytt ”Flora bu- og aktivitetssenter” er Jacob Nødseth, fra Høyre. Det vil bli et viktig tilskudd til omsorgsarbeidet i Flora kommune i årene fremover, sammen med en utvidelse i Eikefjord. Så et halvt år etter at Høyre vedtok planen, så er vi tilbake til den gamle visa om ”flere institusjonsplasser”. Det viktigste er at de som trenger hjelp får hjelp på det nivået som en trenger. Så la oss følge intensjonen i den planen som vi var enig om, og som Høyre var med på å utarbeide. Det er korrekt at Arbeiderpartiet og samarbeidspartiene sitt budsjett utsetter oppstart av et Flora Bu- og aktivitetssenter i sentrum. Vi tror det er fornuftig, og at vi trenger ekstra tid til planlegging. Det er allerede registrert flere prinsippspørsmål om innholdet i nybygget etter at plannemnda startet sitt arbeid.» Flora Høyre vil ikkje ha fleire utsetjingar. Vi vil ha handling no. Dette signaliserte vi tydeleg i vårt siste framlegg til budsjett i desember 2010, som diverre ikkje fekk fleirtal. På bakgrunn av skrivet frå Bergheim finn Flora Høyre det betimeleg å rette ordføraren følgjande spørsmål: 1. Fleire eldre ventar på institusjonsplass i Flora kommune. Meiner ordføraren at Flora kommune med 2. Er ein vurdert til å få ein institusjonsplass er det ikkje tilstrekkeleg hjelp å tilby ein heildøgnsbemanna omsorgsbustad. Kva vil ordføraren gjere for å sikre dei som ventar på institusjonsplass – nettopp plass på institusjon? Dersom desse kan vente seg å få den hjelpa dei rettmessig har krav på, ber vi om at ordføraren tidfestar når dette vil skje. 3. «… La oss følge intensjonen i den planen som vi var enig om, og som Høyre var med på å utarbeide» 4. Oscar Bergheim skriv at: «Et halvt år etter at Høyre vedtok planen, så er vi tilbake til den gamle visa om ”flere institusjonsplasser”. Det viktigste er at de som trenger hjelp får hjelp på det nivået som en Flora Høyre si bystyregruppe ser fram til å få desse viktige avklaringane frå ordføraren.
Vist 144 ganger. Følges av 1 person. | ||
Kommentarer
SVAR:
Ein ordførar er vald av bystyret sitt fleirtal og er ordførar for alle.
Ordførar representere lovleg fatta vedtak i bystyret.
Spørsmåla som kjem frå Flora Høyre v/representanten Jacob Nødseth gjeld eit avisinnlegg frå ein representant frå eit av partia i Flora bystyre, Oscar Bergheim frå Flora Arbeidarparti, der ordførar og er medlem.
Eg personleg har ikkje problem med å støtte representanten Bergheim sitt avisinnlegg.
Som ordførar forheld eg meg til at eg er ordførar for alle.
Spørsmåla handlar om kva Arbeidarpartiet meinar.
Eg meinar at det ikkje vil vere formelt rett at ordførar skal svare på spørsmål som går direkte på parti.
Eg oppmodar med dette Høgre om å sende spørsmåla direkte til Flora Arbeidarparti og kan forsikre om at det vil bli gjeve svar.