| Er det noko du lurer på? Still spørsmål til ordføraren og få svar her ! Bidraget er publisert med ropert og har blitt hentet fram på Kystpuls og Fjordaglimt (mandag 24. januar 2011). Les mer om roperten… Vegen til Botnaholten er ei skam!No har isen smelta og slagholene og kampesteinane har igjen komt til syne i bakkane oppover i Botnaholten. Fortauskantar var det dårlig stell med før vinteren slo til, og no når brøytemannskapet og frost og is har jobba godt gjennom vinteren så er situasjonen om mulig endå verre. Armoda skrik imot oss heile vegen opp, dette er ei skam!
Vist 334 ganger. Følges av 5 personer. | ||
Kommentarer
Hei.
Ja, asfalten er dårleg på den kommunale vegen frå RV 5 og til Botnaholten.
Det same gjeld fortau og kantstein.
Vinterstid kan ein ikkje gjere anna enn å lappe med oljegrus.
Reasfaltering vil truleg vere det rette her, dette vil bli sett på når vinteren er over.
Sak om prioritering innanfor ramma på 2 mill. til dette formålet er planlagt å bli lagt fram for Plan og miljø 22. mars.
Eg takkar for det eg oppfattar som eit positivt svar.
Eg er ingen ekspert på området, og ikkje veit eg heilt kva som ligg i dette med “reasfaltering”. Men det eg veit er at store steinar stikk opp gjennom asfalten, slagholene dukkar opp på same plassane gong etter gong etter gong, mange avløpskummar lagar så store krater i køyrebana at bilane vel å svinge over på andre side for å unngå dei, og autovernet er skada og heng og sleng fleire plassar. Her vil eg tru at det må ein god del anna grunnarbeid til før asfalten skal på plass.
Men eg håper det blir avsett pengar slik at utbetringa kan kome igang så snart som råd.
Dere må nok smøre dere med god tolmodighet Helge..Vi her inne i Standalen har bedd om utbedring av vegen her inne i over 20 år..Vegen her inne vart bygd i 1905, og var beregna til hest å kjerre. Vi har bare fått noen lass meg grus..Og rekkværk kan vi bare drøyme om her på den meget farlege skulevegen,Det bærer rett i standalsvatne vist det går galt..Går kommunen forbi oss når det gjelder utbedring av veg vurderer eg å flytte ut av kommunen…
Det er bra at Helge V tar opp denne saken, vi er mange som stiller oss bak han i denne saken.
Det er også kjempeflott at saka skal opp 22.mars i Plan og miljø.
Her må allikevel påpekes noen faktaopplysninger:
Selv har jeg i botnaholten siden 1998, og det ordfører Bente Frøyen Steindal skriv
" Vinterstid kan ein ikkje gjere anna enn å lappe med oljegrus"
stemmer ikke.
Det er ikke bare vinterstid dette blir gjort, dette skjer flere ganger i måneden, året rundt, og det har vært gjort siden jeg flyttet opp her.
Her blir fylt oljegrus i slaghullene, og etter en ukes tid er oljegrusen borte, og slaghullene er tilbake. Kommunen kommer igjen og fyller på, og slik fortsetter det, året rundt.
Ser man da på en 10 årsperiode, hvor dette som man kan kalle “kommunalt vedlikehold” blir gjort flere ganger i måneden, i 10 år- treng en ikkje være økonom for å lure på kva kostnadene med dette har vært, kontra og asfaltere en gang for alle.
Når det gjeld fortau(om man kan kalle dette fortau) og kantstein, så er det vel snart ikke noe igjen av verken kantstein eller fortau.
Hei Frank-Th.
Når eg skriv no vinterstid så er det fordi det er vinterstid når dette spørsmålet kjem til meg. Eg nektar ikkje på at det har vore lappa andre tider og. Mitt håp er sjølvsagt at vi skal få best mogeleg vegar alle stadar i kommunen.
Helsing
Bente