Er det noko du lurer på? Still spørsmål til ordføraren og få svar her !

Bidraget er publisert med ropert og har blitt hentet fram på Kystpuls og Fjordaglimt (onsdag 12. januar 2011). Les mer om roperten…

Islagte turvegar.

No har eg vært ein tur rundt Storevatnet og Litlevatnet og det må eg sei: det var med livet som innsats!! Vegen langs vatna vert brukt av veldig mange elevar til og fra skulane, men korleis dei kjem seg fram på det føret som er der no, det forstår eg ikkje. Det var speilblank is store delar av vegen. Kan du sende ut folk å strø der? Helst med ein gong før nokken skadar seg!
Ellers er det fint at det blir rydda snø som ligg langs vegane og i alle vegkryss. Særleg langs Kinnvegen ved gamleheimen er det gjort ein flott innsats no dei siste dagane.
Takk for det.
Ein ting eg har tatt opp før er den store dammen som lagar seg nesten akkurat der muren startar øverst i Kinnvegen(vannvegen som vi kallar den). Når det er mykje vatn i vegen renn det ned i ei grop der vegen har sunke. Ei lett løysing ville være å bore eit hull i muren slik at vatnet renn vekk. Der er hull i muren, men dei “passar” ikkje med denne dammen! Dei er dessuten ofte tette av sand og rusk og rask. Det hadde vært fint om det vart gjort noko med dette fordi ein blir tvungen til å gå ut i vegbana for å komme forbi.
Ha ein fin dag!

Vist 279 ganger. Følges av 2 personer.

Kommentarer

Exclamation_desat_24

Hei Janne.
Vegen langs vatnet vart sanda dagen etter du melde frå. Då denne vegen som du skriv, vert nytta til skuleveg ynskjer Flora kommune å halde den åpen også om vinteren. Når det gjeld dammen ved muren ved Omsorgssenteret så er der eit hol i muren som vatnet skal renne ut av. Problemet er at dette dreneringsholet frys att og når det vert mildveir vert det ein damm der.
Dette er eit problem som vil bli løyst med ny gang og sykkelveg langs Kinnvegen.

Exclamation_desat_24

Heisann! Eg såg at det vart strødd dagen etter, det var flott!! Rask på avtrekkeren der:-) Vi gledar oss til gang og sykkelsti! Ha ein fortsatt god vinter.

Exclamation_desat_24

I dag, tirsdag, kom ein heil delegasjon gulkledde kommunefolk opp i vegen, og etter ei stund var der laga hull i muren!! No er alt vatnet vekk!! Tusen takk fra alle store og ikkje minst små som har måtta gå ut i vegen for å komme forbi!

Annonse

Nye bilder