| Er det noko du lurer på? Still spørsmål til ordføraren og få svar her ! Bidraget er publisert med ropert og har blitt hentet fram på Fjordaglimt og Kystpuls (fredag 1. oktober 2010). Les mer om roperten… Meir aktivitet på OrdførarbenkenDen siste tida har det vore stille her på ordførarbenken. Denne sona er til for at du på ein enkel måte kan få kontakt med meg som ordførar. Har du store eller små spørsmål kan du stille dei her. Eg har fått innspel på at det kan virke hemmande for andre om dette er ei sone der andre politikarar dominerar og eg vil prøve å imøtekomme desse innspela. Eg vil difor prøve å skille ut desse spørsmåla og heller oppfordre andre politikarar til å bruke sona politisk kafè eller å ta kontakt via dei vanlege kanalane. Dette betyr sjølvsagt ikkje at eg ikkje er tilgjengeleg for andre politikarar. Eg håpar vi igjen kan få opp aktiviteten her inne og at innbyggjerane i kommunen vil nytte denne sona til å komme i kontakt med meg.
Vist 187 ganger. Følges av 1 person. | ||