| Er det noko du lurer på? Still spørsmål til ordføraren og få svar her ! Politikk og ordførarbenkenKjære ordførar. Ordførarbenken på nett er ein god ide, og ikkje minst benken i strandgata. Likevel ser det ut som at det er lite aktivitet på forumet. For meg er forumet blitt uinteressant pga at vanlege folk har slutta å bruke det. I staden er det lange innlegg frå SV som dominerer, og dei har kanskje vore med på å heve terskelen litt vel mykje? Kan det være at innlegg på forumet frå garva politikarar får oss vanlege folk til ikkje å tørre å skrive våre enkle spørsmål til deg? Eg synest ikkje at politikarar (dei må gjerne opptre som privatpersonar) skal bruke forumet til å fremme sine meiningar gjennom interpellasjonar osv, dei kan vel møte deg andre stader? Evt. ta med seg interpellasjonen sin og møte deg i Strandgata? Med dette oppfordrar eg “vanlege folk” til å ta i bruk forumet igjen.
Vist 74 ganger. Følges av 3 personer. | ||
Kommentarer
Hei.
Takk for innspel. Eg skal oppfordre andre politikarar til å bruke andre soner eller fora til å kontakte meg.
Eg ønsker at denne sona skal være eit lågtersketilbod, der inbyggjarane i kommunen på ein lett måte kan komme i kontakt med meg.