Er det noko du lurer på? Still spørsmål til ordføraren og få svar her !

Bidraget er publisert med ropert og har blitt hentet fram på Fjordaglimt og Kystpuls (mandag 29. mars 2010). Les mer om roperten…

Lokalsentermodellen, framleis gjeldande i Flora?

Ruteplanen for perioden 2005-09 vart, i følge Flora kommune sine heimesider, handsama av formannskapet 15.02.2005, og av bystyret 01.03.2005. Dåverande plansjef, Øyvind Bang-Olsen mottok applaus frå eit samla tverrpolitisk bystyre etter presentasjonen.

I denne planen finn ein mellom anna følgende; I Flora kommune har båtrutene ein særs viktig plass både med omsyn til samfunnsutvikling og som prioritert område for lokalpolitikken. Analyser av folketalsutviklinga på øyane i Flora, samanlikna med andre samfunn gjev grunn til å tru at nettopp satsing på lokalsentra er med på å oppretthalde busetnaden. Naturlege lokalsenterfunksjonar er båtstopp, kai, skole, grendehus og butikk.

Ein anna stad finn vi; Kommuneplanen legg føringar for arealbruk, leia og viktige ledd i kommunikasjonssystemet. I denne plan er det mellom anna eit mål å byggja opp under og styrke lokale sentra i distriktet gjennom ein aktiv politikk i og omkring hovudrutestoppa. Desse er Sunde på Askrova, Svanøybukt på Svanøy, Fanøya, Skorpevågen på Skorpa, Rognaldsvåg på Reksta, Barekstad på Hovden/Barekstad, osv.

Dette avleder følgande tre spørsmål frå mi side:

1). I kva grad har Flora kommune følgt opp vedtaket om satsing på lokalsenter i tida etter at vedtaket vart fatta?

2). I kva grad seier Ordføraren seg nøgd med innsatsen fram til no?

3). Kva framtidige tiltak ynskjer Ordføraren å setje i verk for å følge opp bystyret sitt gjeldande vedtak om satsing på lokalsenter i Flora, og kva tidsramme ser ein føre seg her?

Vist 511 ganger. Følges av 1 person.
Annonse

Nye bilder