Er det noko du lurer på? Still spørsmål til ordføraren og få svar her !

Bidraget er publisert med ropert og har blitt hentet fram på Fjordaglimt og Kystpuls (fredag 26. mars 2010). Les mer om roperten…

Interpellasjon frå Flora SV til bystyret 13. april

SV-logo medium

Fattigdomstiltak i Flora kommune.

I desember 2009 hadde Flora SV eit verbalvedtak om å lage ein fattigdomsplan i Flora kommune, med ønskje å lage ein plan som kartlegger fattigdom i samarbeid med andre relevante instansar som til dømes NAV. Målet med fattigdomsplanen var å vise utfordringane til denne gruppa i tillegg til å ha grunnlag for gjere gode konkrete tiltak både i administrasjonen og i Flora bystyre. Dette forslaget blei kraftig nedstemt.
Ungdommens bystyre har uttrykt støtte for dette forslaget, og har jobba godt med å finne tiltak som dei synes er viktig for å gjere dei økonomiske skilnadane mindre, og finne gode fritidstilbod til born og unge i Flora.

I Dagsrevyen 25.03.10 blei det opplyst at kommunane har tilgong til å søkje om økonomiske midlar for å gjennomføre tiltak mot fattige i sin kommune. Det er berre eit fåtal av kommunane som har søkt på desse midlane. Kommunane som blei intervjua sa at det var tidspress eller at ein ikkje visste at man kunne søkje slike midlar.

Difor blir vårt spørsmål til ordføraren:
Har Flora kommune søkt på desse midlane for å gjennomføre tiltak mot fattige i Flora kommune?

Bente Nilsen Halvorsen, Gruppeleiar Flora SV

Vist 190 ganger. Følges av 1 person.
Annonse

Nye bilder