| Er det noko du lurer på? Still spørsmål til ordføraren og få svar her ! Flott!Eg skal ikkje rette spørsmål til Ordføraren denne gangen, eg skal ikkje komme med kritikk heller! Eg skal derimot skryte av det flotte tiltaket med gangvegen som er “gravd” fram langs med vegen ved kirka, foten av Litleåsen. Det var vel ein gangveg der før i tida, men denne var aldeles igjengrodd. No er den komt fram i lyset, alt kratt og småbusker er fjerna og rhododendroane kjem til sin rett! Kjempeflott tiltak. Håpar bare at folk som ferdast her brukar denne stien i stadenfor vegbana! Takk til kommunen i denne saka. Torsdag. No las eg nett i Firdaposten at det var Treplantingselskapet som hadde tatt initiativet til denne stien. Då er det vel rett å sende både skryt og takk vidare til dei, då? Flott er det i allefall!
Vist 390 ganger. Følges av 3 personer. | ||
Kommentarer
Ser også at det er komen ny sti frå bunkersane i Storåsen og ned i Havreneset. Flott det òg!
Takk for hyggeleg tilbakemelding. Det er Florø Træplantningsselskap som skal ha honnør.