1)
Har kommunale tenester , som er ansvarlege for miljøovertaking og konsekvensanalyse av klimaendring , kalkulert inn at Litjevatnet med den vass – stand det har idag, kan komme til å representere ein fare for Omsorgssenteret, spesielt paviljongen mot sør?
Pr. idag er det registrert opphoping av stilleståande vatn som treng seg inn i institusjonen i nedbørstunge periodar. Om ikkje fullgod drenering vert sytt for , vil forventa klimaendring i åra framover med mykje væte representere ein ytterlegare fare for bygningen. I tillegg må ein ta inn over seg at dei som bur der, gjerne av naturlege grunnar som sjukdom og alder har ei fallerande helse. Fokus på innemiljøet må også stillast på vegne av dei tilsette.
2)
FDS ber om at det kjem til eit nytt punkt på plan for idrett, friluftsliv , fysisk aktivitet og folkehelse 2009 – 2012:
OPPGRADERING AV TUROMRÅDET LITJEVATNET NORD – UNIVERSELL UTFORMING/JUSTERING AV VASSNIVÅ VED LIKJEVATNET
Punktet må settast høgt på lista av prioritert rullert handlingsprogram for nærmiljøanlegg i Flora kommune 2009 – 2012 slik at midlar vert sett av til dette føremålet. Punktet må sjåast på som 1.fase i eit prosjekt der intensjonen er å få til ei heilståande løype rundt Likjevatnet.
FDS syner til at utbygging av friluftsområde har kome i bakleksa samanlikna med anleggsverksemd.Vidare vil FDS promotere sentrumsnære friluftsareal framfor friluftsområde utanfor bykjerna i tråd med Sogn og Fjordane si tildeling av tettstadmidlar .
Prosjektet søkast oppgradert utifrå faktumet at Flora er tildelt status som pilotkommune innan universell utforming på andre året.For kommunen forpliktar det å legge til rette fysisk for godt eigna og inkluderande uteareal.FDS har forventningar om kvalitet og effektivitet på dette feltet, difor ber ein om fortgang i arbeidet framover.
Kommentarer
Svar frå Ordførar i bystyret:
Svar på spørsmål 1 :
Teknisk drift er ikkje kjent med at det skal være vatninntrenging i bygget sjølv i nedbørsrike periodar.
Bygget er i hovedsak fundamentert på fjell.
Rundt bygget ligg det drensleidningar i grunnen.
Under betonggolvet ligg det fuktsperre.
Dette er rådande byggemetode i dag, og vert også brukt på bygg som står på fylling i sjø.
Bygg på fylling i sjø kan ha konstant sjø under bygget.
Bygg som er oppført i strandsona kan ha flo sjø 2 ganger i døgnet under bygget.
Dette går likevel ikkje ut over bygget eller innemiljøet dersom det er rett prosjektering og rett utføring.
I høve til bygingsgrunnen og konstruksjon på grunnnivå, vil ikkje klimaendring med auka nedbørsmengde og intensitet representere fare for bygg eller innemiljø.
Spørsmål 2:
Krav til universell utforming vil bli kobla til alle dei planprosessar som kommunen køyrer. Dette gjeld både kommunedelplan for idrett og friluftsliv, men også det kommande arbeidet med sentrumsplan.