Er det noko du lurer på? Still spørsmål til ordføraren og få svar her !

Velkommen til Ordførarbenken, sona til ordførar i Flora kommune, Bente Frøyen Steindal!

Nye bilder

Robek listen

Hei Bente.

Har nå i lengre tid prøvd og sette meg inn i partiene her i florø før valget.

Kollektivtilbodet i Stavang og omegn

Hei Bente!

Eg har ein del spørsmål vedrørande båtrutene i det søre distriktet av Flora kommune. 13. juli i år sendte eg eit lesarinnlegg til Firdaposten der eg ytra ynskje om å få båtrutestoppen tilbake til Stavang. Dette fekk eg uventa god respons på og det vart skrive ein flott artikkel om dette i Firdaposten laurdag 16. juli, samt at det kom ei god og sakleg presentasjon av saka frå redaksjonen i avisa.

Kystvegen støttar ferjefri E39, krev justering av E39 gjennom Sunnmøre og utgreiing av ”Sognefast”

Styret i Kystvegen Ålesund – Bergen ser positivt på at vegvesenet utgreier ferjefri E39. Sjølv om Kyststamvegen mellom Bergen og Ålesund ligg til dels nokså langt frå kysten, er vi glade for at E39 skal bli ein gjennomgåande hovudveg av god standard. Kystvegen vil vere eit supplement som skal gi internt samband i kystregionen, samband til viktige hamner og ha gode koplingar til E39.

På siste stykket av E39 før Ålesund, er det i samband med pågåande KVU føreslege eit alternativ via Eiksund og Hareid. Styret i Kystvegen tilrår at dette alternativet blir vald. Det vil gi størst nytte for det viktige industrimiljøet i regionen og gjere det mogeleg å få ei felles fjordkryssing for E39 og Kystvegen gjennom Hafast. (Hareid Fastlandsamband)

Informasjon utlevert til bystyret 8.02.11

Viser til notat frå Utbyggingsutvalet 26.01.11.

Utvalet ber om at ordførar vurderer om det kan vere naudsynt å ta saka opp i bystyret på nytt, dersom det skjer endringar i mogelege traseval som rører ved interesser i Flora kommune og evt. nabokommunar.

Spm til ordførar fra Venstre ved Jan Arve Midtbø- Bystyret 8 februar

Kva kan kommunen gjere for å hindre at fleire bønder sluttar med mjølkeproduksjonen?

Mange bønder slit med dårleg inntekt. Dei fleste bøndene lyt ha inntekt utaføre bruket. Det er vanskeleg å kombinere full jobb utafør bruket og mjølkeproduksjonen. Det blir lite fritid. Og mange bønder sluttar med mjølk og går over til ein mindre kjøttproduksjon: sau/storfe, Det ser ut til at i fjor og iår så slutter det ca 10 mjølkebønder i Florø. Det er svært alvorleg for næringa.

Spørsmål til bystyret 8. februar vedrørande ordføraren sitt brev til Helse Førde som gjengitt på Firdaposten.no 4. februar 2011

Jacob Nødseth

Bystyrerepresentant og leiar av helseplangruppa i Flora kommune

Spm til ordførar frå Høgre- Bystyret 8 februar

SPØRSMÅL TIL BYSTYREMØTET 8. FEBRUAR 2011

I eit lesarbrev i Firdaposten for nokre veker sidan skriv bystyrerepresentant Oscar Bergheim frå Ap at partiet til ordføraren har følgjande visjon for Flora kommune: «Vi ønsker at Flora kommune skal være en god kommune å bo i med et variert arbeidsliv og gode tilbud til innbyggerne.» Han poengterer i innlegget at med ei rekke tiltak er visjonen til Flora Ap «materialisert». Eg kan ikkje forstå dette annleis enn at han meiner visjonen har vorte ein realitet, altså at Flora kommune er ein god kommune å bu i med eit variert arbeidsliv

Vegen til Botnaholten er ei skam!

No har isen smelta og slagholene og kampesteinane har igjen komt til syne i bakkane oppover i Botnaholten. Fortauskantar var det dårlig stell med før vinteren slo til, og no når brøytemannskapet og frost og is har jobba godt gjennom vinteren så er situasjonen om mulig endå verre. Armoda skrik imot oss heile vegen opp, dette er ei skam!
Har Flora kommune planar om å utbetre denne godt trafikkerte vegen? Og då meiner eg noko anna enn å køyre rundt og hive oljegrus i slagholene no og då….

Islagte turvegar.

No har eg vært ein tur rundt Storevatnet og Litlevatnet og det må eg sei: det var med livet som innsats!! Vegen langs vatna vert brukt av veldig mange elevar til og fra skulane, men korleis dei kjem seg fram på det føret som er der no, det forstår eg ikkje. Det var speilblank is store delar av vegen. Kan du sende ut folk å strø der? Helst med ein gong før nokken skadar seg!

Ellers er det fint at det blir rydda snø som ligg langs vegane og i alle vegkryss. Særleg langs Kinnvegen ved gamleheimen er det gjort ein flott innsats no dei siste dagane.

Bokmålsbøker

Ordførar har fått spørsmål om sein levering av bokmålsbøker til 10 klasse ved ungdomskolen.

1. Kor mange elever har bokmål som hovedmål i 10 klasse på Flora ungdomsskole?

Kraftutbygging i Sagaelva- Interpellasjon frå Høgre til bystyret 9.11.10

Flora Kommune v/ordførar vart i brev av 25.08.2002 frå Elkem Fornybar Energi tilskriven vedkommande potensialet for kraftutbygging i Sagaleva.(Sjå vedlegg)

Flora Høyre er kjend med at Elkem pr dags dato ikkje har fått svar på si førespurnad.

Kraftlinja Ørskog-Fardal - Spm frå Venstre til bystyret 9.11.10

Spørsmål til bystyremøte 09.11.10

Kraftlinja Ørskog Fardal

Dugnad for god tannhelse- spm frå Venstre til bystyret 9.11.10

God tannhelse er essensielt for både helse, livskvalitet og arbeidsevne. Mange som sliter med dårlig helse og livsfunksjon har også ofte langvarige og kronifiserte problemer med tannhelsen. Det er allmenn politisk enighet om at tannhelsen må styrkes; – spesielt for utsatte grupper som har store og invalidiserende plager, og oftest dårlig økonomi i tillegg. Flora Venstre ønsker å sette fokus på god tannhelse.

Flora Venstre foreslår derfor en dugnad for å bedre tannhelsen i kommunen slik at de som har behov for det får hjelp. Som første steg i denne prosessen foreslår vi et dialogmøte organisert gjennom HSU hvor sentrale aktører kan komme til orde som brukere, tannhelsetjenesten i kommunen og NAV osv. Gjennom et slikt dialogmøte kan problemer og ressurser kartlegges og en felles kommunal strategi for god tannhelse på kort og lang sikt kan utvikles.

Grand Prix-støtte

I motsetnad til Bente Nilsen Halvorsen så står eg for den støtta vi har gjeve til Grand Prix-arrangementet. Eg har full tillit til at dette er eit prosjekt som vil verte til stor nytte både for fylket og vår kommune. Midlane går til eit prosjekt, MGP-prosjektet, ikkje til eit selskap. For øvrig vil eg gje ros til Per Øyvind og Roy som står på, de gjer ein god jobb og skulle de tene pengar i tillegg, ja, så er det heilt topp.

INU-midlar til Flora kommune. Kvar kjem dei frå og kva går dei til?

Det har vore stilt ein del spørsmål i høve desse midlane og eg vil difor komme med noko informasjon i saka.

Flora kommune vart tildelt 2 mill kr. for 2010 av dei såkalla INU-midlane.

Standalsvegen

Hei Bente

Eg lurer på om vi nokon gong kommer til å få veisikkring på standalsvegen..Vegen er no så dårleg at det er ei kvie å kjøre. Eg som drosjesjåfør kjører vegen mange ganger ver dag.Lurer på om eg må kjøpe meg eit nyrebelte..Taxien som eg kjører er nesten ny,men har allerede store utgifter på verksted.Mekanikkeren lurer på om eg kjører runt på håsteinen..Når det gjelder vegsikkring tenker eg spesielt på rekkværk, Om vinteren er det rett å slett livsfarleg å kjøre på vegen,I sørpe og teleløysning er det eit under at vi ikkje havner i standalsvatne..I ausevika brukte dere nesten 10 millioner,Talentlaust spør du meg. Og no lurer dere på om dere skal kjøpe noen skulpturer ute i parken som ingen vil ha..Slik som eg har skjønt det så bruker dere heller penger på kultur en vegsikkring av skoleveg..I nabobyggda har dei mange politikara så der har dei gatelys som står meget tett, Flått asfalt og ikkje minst gangfelt på begge side av vegen..Vi må vist få oss nokon politikarar her inne og skal det bli noko på oss..Eller skulla vi sett skattepengene våre inn på egen konto for å bruke dei til utbedring av vegen..Kankje det kan være en løysning,ikkje veit eg..Eg er bare stille fortvilet på heile greiene..Veit bare at eg skal ut å kjøre slalom med bil i morgen og at neste verksted timerrrrr blir meget dyrt igjen…

Meir aktivitet på Ordførarbenken

Den siste tida har det vore stille her på ordførarbenken. Denne sona er til for at du på ein enkel måte kan få kontakt med meg som ordførar. Har du store eller små spørsmål kan du stille dei her.

Eg har fått innspel på at det kan virke hemmande for andre om dette er ei sone der andre politikarar dominerar og eg vil prøve å imøtekomme desse innspela.

Politikk og ordførarbenken

Kjære ordførar. Ordførarbenken på nett er ein god ide, og ikkje minst benken i strandgata. Likevel ser det ut som at det er lite aktivitet på forumet. For meg er forumet blitt uinteressant pga at vanlege folk har slutta å bruke det. I staden er det lange innlegg frå SV som dominerer, og dei har kanskje vore med på å heve terskelen litt vel mykje? Kan det være at innlegg på forumet frå garva politikarar får oss vanlege folk til ikkje å tørre å skrive våre enkle spørsmål til deg?

Eg synest ikkje at politikarar (dei må gjerne opptre som privatpersonar) skal bruke forumet til å fremme sine meiningar gjennom interpellasjonar osv, dei kan vel møte deg andre stader? Evt. ta med seg interpellasjonen sin og møte deg i Strandgata?

Barnevernet i Flora kommune

SV-logo medium

Spørsmål frå Flora SV til Flora bystyre 20. april:

Innsamling av grovavfall

Det blir innsamling av grovavfall i Flora Kommune på fylgjande tidspunkt:

Øyane- veke 16

Lokalsentermodellen, framleis gjeldande i Flora?

Ruteplanen for perioden 2005-09 vart, i følge Flora kommune sine heimesider, handsama av formannskapet 15.02.2005, og av bystyret 01.03.2005. Dåverande plansjef, Øyvind Bang-Olsen mottok applaus frå eit samla tverrpolitisk bystyre etter presentasjonen.

I denne planen finn ein mellom anna følgende; I Flora kommune har båtrutene ein særs viktig plass både med omsyn til samfunnsutvikling og som prioritert område for lokalpolitikken. Analyser av folketalsutviklinga på øyane i Flora, samanlikna med andre samfunn gjev grunn til å tru at nettopp satsing på lokalsentra er med på å oppretthalde busetnaden. Naturlege lokalsenterfunksjonar er båtstopp, kai, skole, grendehus og butikk.

Interpellasjon frå Flora SV til bystyret 13. april

SV-logo medium

Fattigdomstiltak i Flora kommune.

Kyrkja si rolle i Floraskulen

SV-logo medium

Interpellasjon frå SV til bystyret 2. mars:

Ordførarbenken

Denne sona skal være eit bindeledd mellom meg som ordførar og innbyggjarane i Flora kommune

I denne sona er eg tilgjengeleg for spørsmål og kommentarar frå innbyggjarane.

Ordførarbenken skal vere eit lavterskeltilbod, der dei som ønskjer det på ein lett måte kan få kontakt med meg som ordførar.

Flora Kommune har journalføringsplikt, og all aktivitet på denne sona vil bli arkivert i kommunen sitt arkiv.

I tillegg til denne sona har eg og ein ordførarbenk på torget utanfor rådhuset.
Denne benken er ei gåve frå Rotary.
Eg sit på denne benken med jamne mellomrom, og tek imot spørsmål der.
Datoar og tidspunkt blir lagt ut i her, i kalenderen

Denne sona er eit samarbeid med Firdaposten Mer om sonen

Denne sonen er lukket for nye medlemmer.

Origo Ordførarbenken er en sone på Origo. Les mer
  • Les reglane for bruk av Ordførarbenken her

Ordføraren på nett:
Du finn også Bente Frøyen Steindal på Twitter og Facebook:
Twitter: BenteFS
Facebook: Bente Frøyen Steindal

Flora kommune på nett
Vil du vite meir om Flora kommune? Sjå kommunen si heimeside

Annonse